Ein plutseleg frigjerande sjanger

Monica Isakstuen om dramatikk som tekst skore inn til beinet

Mette Karlsvik, 31.05.2022

Monica Isakstuen Foto Tine Poppe

Monica Isakstuen (Foto: Tine Poppe)

Sidan 2019, på tre år, har Monica Isakstuen hatt seks urpremierer på norske scener; ein monolog, ein einaktar, fire heilkveldsstykke.

– Skjer det så mykje?

Monica Isakstuen og eg er nettopp kopla opp på Zoom, og eg har antyda at det kanskje var greitt, det å møtast på Zoom. Det skjer jo så mykje i Isakstuens kunstnarskap, gjer det ikkje? Dramatikaren, som også er brageprisvinnande forfattar, hadde urpremiere ved Den Nationale Scene i januar, to urpremierer i fjor, én i 2019, har nettopp hatt to skodespel gitt ut som bok, og romanen Mine venner, som kom i fjor, vart kjøpt av Riksteatret og sendt som teaterframsyning til heile landet. Og høyr på dette: 2. april var det tysk premiere på stykket hennar - Se på meg når jeg snakker til deg, eit verk som òg var vist i København og Odense i 2020. I 2023 blir det fransk premiere på fjorårsstykket Vi er krigere. Utanfrå ser det ut som at Isakstuen jobbar med fire prosjekt parallelt, og hankar alle inn til brukbare trykkbare spelbare verk, på rekordtid.

– Nja. Eg jobber med éin tekst om gangen, meir har eg ikkje plass til i hovudet. Vi er krigere blei skrive ferdig for tre år sidan, seier Isakstuen: Og Mine venner har eg ikkje hatt noko med å gjere, som dramatikar. Eg solgte berre rettigheitene.

Berre det, ikkje nokon finger med i spelet? Nei, Isakstuen var - av ein spesiell grunn - opptatt av at Mine venner ikkje kunne bli dramatisert av henne sjølv. Romanen er nemlig delvis fødd ut av skodespelet Jeg kan være en annen som hadde urpremiere ved Rogaland teater våren 2021, som ein del av DUS - Den unge scenen.

– Nokre avsnitt i romanen er direkte avskrift av dette skodespelet. Eg måtte seie det til Arne Nøst, da han ville kjøpe rettane til Mine venner: Veit du at det finst eit stykke i andre enda?

Kva svara Nøst?

– Ja, ja.

FOR ISAKSTUEN ER EIN ETTERTRAKTA DRAMATIKAR – og prosaist. Kunstnarskapen hennar ser ut til å ha utvikla seg i ekspansjonell retning sidan ho i 2016 fekk Brageprisen for romanen Vær snill med dyrene, ei bok som i følge omtalane stiller spørsmålet: viss ein er mor den eine veka, kva er ein den andre veka? Foreldreskap og særleg morskap er hovudtema. Eg snakkar med Isakstuen i dag fordi eg nettopp har vore og sett Vi er krigere på Vega Scene/Bygdelagssamskipnaden i Oslo. Også her har ein ei morsfigur som hovudperson. Ho er eit namnlaust Eg, speler med og mot Dei andre, som i denne oppsettinga er spelt av tre nyetablerte og unge skodespelarar. Eg har ikkje lese manus, berre sett stykket éin gong, men har forstått teksten slik at han er ramma inn av ti situasjonar som Eg deler. Det byrjar med at ho fortel om situasjonar der ho kjenner seg delvis avslørt, delvis misforstått av andre menneske, og om frykta for ikkje å strekke til som omsorgsperson. Dei andre supplerer med forteljingar frå den andre sida, om mødre som ikkje strakk til. I ei nøkkelscene i stykket bryt Eg saman, og liknar på eit forlatt barn. Ho ropar på mora si. Dei andre spring til, held rundt henne, held henne oppe, held henne heilt til ho har gjenvunne ei fatning. Etterpå er det Dei andre som treng noko. Men dei blir delvis avvist. Handlar det om skader som går i arv, og at det ikkje alltid er eit tydeleg overgrep som skapar traumet?

– Finn Skårderud snakkar om den kvite sorga, som er sorga over det ein ikkje har fått. Det trur eg at er riktig, og kanskje er det dette som driv karakterane. Eg kan sjølv bli så livredd av å tenkje på kor djupt og primitivt barna mine er knytt til meg…

– Den kvite sorga ligg ikkje på linene, i ei forteljing, men mellom linene. Som undertekst. Undertekst er jo dramatikkens domene. Er det difor du behandlar akkurat dette tema som dramatikk?

– Eg synest dette er eit veldig spennande landskap å gå inn i som dramatikar. Men det er også vanskeleg. Vi er krigere er det mest rotete og mest spennande eg har jobba med. Dette var det andre lange stykket eg skreiv, og det er tre år sidan det sto ferdig.

– Det tok ei stund å skrive?

– Det tok lang tid å lande det. Denne teksten var ikkje ei bestilling, og eg skreiv heilt fritt utan å førestille meg noko i rommet. Eg visste ikkje alltid heilt kva eg ville heller. Men eg visste kva eg i utgangspunktet var nysgjerrig på, kva som sette meg i gang.

Isakstuen holdt skrivekurs som romanforfattar da ho kom til Fossum-Kollektivet i Spydeberg i 2016, og møtte unge menneske med rusproblem.

– Eg var vant til å jobbe med vaksne, og tykte dette var vanskelig. Det var openbart håp for dei, og eg veit at det har gått bra for mange av dei. Men dei var sterkt prega av ein bakgrunn som dei ikkje sjølv hadde valt. Som fersk trebarnsmor var eg nysgjerrig på dei, og kjente at eg hadde lyst til å skrive noko basert på dette. Eg fekk lov til å komme dit og setje ein opptakar på bordet. Eg stilte ungdommene heilt vanlege spørsmål om barndom og minne kva dei kunne hugse, og høyrde kva svar som kom. Men da eg høyrde gjennom materialet, tykte eg ikkje at det dei fortalde var nok til å bere eit stykke, og eg skjøna veldig fort at eg ikkje er ein dokumentarist. Men eg kunne bruke måten dei snakka på, måten dei representerer seg sjølv.

– Korleis representerer dei seg sjølv?

– Dei legg svært tøffe historier fram som om det de forteller er tilsynelatande normalt, eller noko dei har vent seg til å seie. Eg snakka med sosiolog Willy Pedersen undervegs i arbeidet, han har forsket mykje på rusproblematikk og sa at nettopp dette med å bygge historiar om og rundt eigne traume er svært vanleg, det blir eit forsvarsverk, ein herdande sjølvrepresentasjon.

– Kva dreiv deg gjennom dette som høyrest ut som ein arbeidskrevjande prosess?

– Kanskje noko så banalt som tanken: Kva forskjell gjer ein god og dårlig oppvekst? Kva er "normalt" og kva blir "normalt", fordi vi blir vante til det? Eg oppdaga at eg kom til ungdommene med ei frykt for ikkje sjølv å vere god i omsorgsrolla. "Kva har foreldra dykkar gjort galt?" "Kva kan eg gjere rett?" Berre høyr på dei to spørsmåla, allerede der laga eg eit skilje mellom dei og meg. Den røysta som intervjua dei, røysta mi, vart veldig tydeleg, og pinleg å høyre på, for meg. Slik kom rollene fram i verket, delinga i Eg, og Dei andre. Det har oppstått mykje dikting i det rommet.

VI ER INNELÅST I EGET, OG SÅ ER DET ALLE DEI ANDRE, seier Isakstuen: – Eg slapp rollekarakteren Eg tett innpå meg, og kjente frykta for å miste noko, for å gjere noko galt.

Og kva med Dei andre?

– Eg gjer dei til ein mangehoda gestalt. Som dramatikar er det stundom vanskeleg å halde styring på kven som seier kva. Eg ser ikkje forskjell på dei, veit ikkje kven som snakkar no. Så eg endte med å la alle dei andre bli til éin funksjon. Eit litt feigt grep, tenkte eg først. Men det var da opp til regissøren, etter at budsjettet var klart og ein visste kor mange skodespelarar som skulle representere Dei andre, å fordele teksten. Det ligg ingen føringar i manus på kven som skal seie kva. Eg skreiv berre to roller - Eg og dei andre.

Driv du på med å utvikle karakterar?

– Eg jobbar med funksjonar, med rolleidentitetar. Du ser det òg i Mine venner, der rollenamna er satt nærmest som overskrifter, som karikaturar på ein personlegdom, eller ei rolle ein tar/får i vennskap.

– Kva gir det deg som dramatikar å jobbe på den måten?

– Når eg kan jobbe med funksjonar eller rolleidentitetar så kan det løsne heilt for meg. Eg er jo ikkje den einaste som skriv sånn, vi er mange. Eg får berre ikkje til å kalle ein karakter Geir eller Mona. Det er sånn det kjennes når eg skriv, det er ikkje jåleri.

Vi er krigere er ramma inn av desse fire menneska, og scenografisk - av ein kvit firkant. Eg lurer på om det visuelle og sceniske grepet har å gjere med ein av dei ti situasjonane som blir skildra: eit kunstverk som Eg passerer. Det består av eit kvadrat som folk kan gå inn i og tilby omsorg til dei som måtte behøve det. Eg går inn i kvadratet, med ein brå og uvant kjensle av å ønske å gi. Ho forstår ikkje sjølv heilt kva som driv henne til å gå inn i kvadratet, og kvifor ho reagerer så sterkt når eit utdrikkingslag kjem forbi og øydelegg det heile med å spørje om å få sex.

– Under prøvene var det opprinneleg ein stor rigg av scenografi, kostymer og lys rundt teksten. Men berre dagar før premieren, flytta vi inn i det grendehuset som var første spillested, og da var det som om teksten blei skjult av lag på lag. Framsyninga virka ikkje lenger, ho kjentest som ei løgn i rommet. Da oppsto ei lita krise der ein valde å forkaste nesten all scenografi, alle kostymer, alt lys. Men det blei ei frigjerande krise. Berre teppet er igjen no, og publikums plassering i rommet.

FORLAGET SYNEST KANSKJE EG JOBBAR LITE MED PROSA FOR TIDA, seier Isakstuen, som for ordens skuld debuterte som poet med boksingelen Sånn, borte på det da relativt ferske indieforlaget Flamme i 2008. Året etter kom romanen Avstand på Tiden, før ho på Tiden også ga ut romanene Om igjen (2014) og Vær snill med dyrene (2016). No er forlaget Gyldendal, der ho har gitt ut romanen Mine venner, og skodespela Vi er krigere og Dette er ikke oss. Pelikanen gav ut skodespelet SE PÅ MEG NÅR JEG SNAKKER TIL DEG og romanen Rase (2018).

– Men vi må jo berre skrive der det kjem. Eg føler meg friare når eg skriv dramatikk, og det gjer noko med måten eg skriv på, landskapa eg går inn i, og kva eg kan tillate meg å seie eller skrive.

– Kva er det frigjerande med dramatikken?

– At det er tekst skåre ned til beinet. Eg kan utelukkande interessere meg for det som seiast, det finst ingen transportetappar, ikkje noko fyllstoff. Og så liker eg at eg ikkje skal bere teksten aleine. Det handlar ikkje om lanseringa eller om synleggjering, men det at teksten skal innom så mange andre. Eg er veldig glad i å ha verkstadar på Dramatikkens hus, å samarbeide med skodespelarar undervegs. Da eg jobba med Vi er krigere kom eg til første verksted med nesten tre hundre sider transkribert materiale, basert på intervjuer med ungdommane. Så improviserte vi over dette råmaterialet, og med røystene til skodespelarane i hovudet gjekk eg heim og skreiv vidare.

– For meg er rollenamna Eg og Dei andre eit lite skodespel i seg sjølv, som to ytterkantar på ein skala som handlar om nærleik og avstand. Det er det eg tenkjer at stykket handlar om - nærleik og avstand.