Kunsten å lese film

Kate Pendry blei nominert til både Kritikerprisen og Heddaprisen for My Dinner With Putin. Vi ser monologen ein gong til, i ei ny ramme.

Mette Karlsvik, 10.11.2023

My dinner with Putin Photo Tormod Lindgren

Kate Pendrys My Dinner With Putin (Foto: Tormod Lindgren)

Kate Pendrys andlet fyller lerretet i Moss Kulturhus. Ho er òg på scena fysisk. This is like a movie*, seier Pendry til kamera. Og: I have never been in a movie*. Ho drøymde om det. No har ho fått ei rolle i den kommande filmen til Nikita Mikhalkov, og skal spele mot Robert de Niro. Men ho oppdagar at den russiske, Oscar- og Gullbjørnvinnande regissøren er ein nær venn av despoten Vladmir Putin, og har støtta ultranasjonalistar i andre land. Men monologens Pendry reiser til Moskva for møte regissøren på Mosfilm Studios. Pendry går back stage på Moss kulturhus. Fotografen er med. Vi ser henne framleis på lerretet, i heilfigur. Ho prøver antrekket til karakteren ho skal spele. Ein svulstig blazer, og sko som ikkje akkurat slike ho sjølv ville ha valt.

Vil du ha kostymet på deg ut dagen, så du kan jobbe deg inn i karakteren? seier Pendry at Mihkalkov seier. Så går lerrettet i svart, før det flimrar nokre ord og setningar i det svarte:

Contact is missing

No signal

No signal

Så stilnar også Pendrys prat. Uro i salen. Er dette regi? Ein referanse til Dubrovka-teater-tragedien, der publikum trudde skytinga i salen var regi? Har ein kabel blitt kutta, eller blir det referert til den kuttinga av infrastruktur som har gått føre seg i Putins hybridkrig mot Vesten? Kva er forskjellen på det som skjer og det av det som skjer som er regissert?

SPELE SKODESPEL.

My dinner with Putin skildrar kunstnaren som ung kvinne, og barn, der ho frekventerer kinoen med mora si, og blir hysja på når ho stiller spørsmål. Det er viktig å lære seg å sjå film, gjentek mora. Som ung vaksen får Pendry plass på skodespelarutdannaninga, med ein draum om å get to the movies. Men ho blir heller ein meir eksperimentell scenekunstar, som - for å spe på løna - tar ein strøjobb som manuslesar under eit internasjonalt arrangement på Kunsthøgskulen i Oslo. Det er dette som ender med at Pendry blir tilbudt ei rolle i den kommande filmen til ein stjerneregissør. Det same gjer Bill Murray og altså Robert de Niro. Draumen skal bli verkeleg. Det er når Pendry oppdagar at Mikhalkov flyr rundt og støttar nasjonalistar i inn og utland at ho ser seg i spegelen (kamera), og monologen byrjar å stille spørsmål, slik som det om kunstverkets autonomi (Pendry: Eg har jo alltid meint at ein ikkje kan skilje skapar og verk. Men…), og om korleis vi reagerer når vi blir berørt på det mest sårbare. Kva skjer med moralen da? Og kva skjer med ein sjølv om ein vel slik - eller slik?

SPELE EI ROLLE.

Grensene mellom løgn og sanning blir sagt å forvitre i Russland. Media har vore verktøyet for å skape denne postmoderne offentlegheita, og ideologen bak, Vladislav Surkov, har brukt verkemidlar frå kunsten.

Surkov var, veldig enkelt sagt, ein etterretningsoffiser som kom inn i maktens korridorar som livvakt. Han blei administrasjonssjef for Boris Jeltsin i 1999, og vidare for Putin da han blei president ved tusenårsskiftet. Surkov har bakgrunn frå teateret, der han utdanna seg til regissør i - og jobba med - den postmoderne tradisjonen. Surkov har vore omtalt som Putins puppet master. Historiefortelling, altså masseproduksjon av alternative utgåver av hendingar og av tingenes tilstand, er ein del av dette, slik også dei gjennomregisserte nyhenda og realtidssendte talkshows og andre intervjuprogram er det. SoMe-kontrollen gjennom trollfabrikkane i St. Petersburg er ei anna side av denne offentlegheita, som nærmar seg den dystopiske sci-fi-romanen Amost Zero. Romanen blei først gitt ut i Russland, av nokon som kalte seg Natan Dubovitsky. Oppvakte lesarar fant aldri denne Dubovitsky, men ein visste godt om ei Natalya Dubovitskaya - Vladislav Surkovs kone. Da Kreml blei konfrontert og spurd om Surkov hadde gitt ut romanen under pseudonym svara dei Njet, utan særskild innsats for å overtyde om anna. Putin fortsette å vere så populær samtidig med at han dreiv med openlyste løgner. Han tilbydde moglegheita til å avsløre løgnar. Ein føler seg smart når ein får erfare seg sjølv som kynisk.

Og mange vil mest av alt berre kunne følge ein sterk leiar. Akkurat no - eg òg. Så eg lurer på kor fortellaren min er, Pendry, ho som leidde meg så stødig gjennom denne fortellinga, men som forsvant frå scena og så frå lerretet. Det går fleire minuttar, med dette No Signal over skjermen. Har marerittet blitt verkelegheit: russiske hackarar har kutta internettkoplinga i Noreg, og saboterer slik sjukehusa, flyplassane, Smart-heimane, døropne-appar og SoMe-livet?

Kviskring i kulissa, før Pendry endeleg kjem på scena og seier, framleis i karakteren, med stiliserte handrørsler: Obviously we have some technical problems here.

Vi klappar. Eg er lykkeleg for å ha forteljaren tilbake. Kva klappa dei andre for? For ordet obviously, kanskje? At noko kan vere obvious, altså tindrande klårt og opplagt?

PÅ TAMPEN AV SØTTITALET.

På tampen av søttitalet var nokon så lei av den kalde krigens** tilslørte, omskrivne, falske KGB-aktige kultur, at dei såg på poesi*** som umoralsk - og enda verre, som kunstnarisk uinteressant. Ein heilt ny sjanger skjønnlitteratur fanst for ein kort periode i Sverige og Noreg: Dokumentromanen. Den må ikkje forvekslast med dokumentarroman. Eg meiner bok-collage av såkalt objektivt og reint kjeldemateriale; reine, utvetydige fakta, og uredigerte foto. Dokumentromanen blei ingen stor hit, men hadde som andre utprøvingsprosjekt ein plass i kunsthistoria sin gang. Pendelen slo snart over, og det å fortelle frå ein open eg-posisjon blei noko å gjere i skjønnlitteraturen og ikkje berre i sakprosaen.

Vi liker den klåre talen, også når den er opplagt løgn? «Vi skal ikkje invadere Ukraina,» sa president Putin til president Emmanuel Macron kvelden før han invaderte Ukraina. Da reagerte dei vestlege statsleiarane, endeleg. Men det har vore mange slike løgner frå Putin utan reaksjon, utan sanksjonar:

«Vi har ikkje bestilt mordet på Aleksander Litvinenko,» sa Putin før han ga Litivnenkos leigemordar Andrei Lugovoy ei fortenstmedalje, samt plass i Dumaen. Lugovoy fekk da også den diplomatiske immuniteten som gjorde det mogleg for Putin å halde han tilbake for utlevering til Storbrittania for å sone dommen for mord. Da britisk etterretning også kunne bevise at det var GRU-offiserar som smurde nervegifta Novichok på dørhandtaket til den britiske statsborgaren (og tidlegare dobbelagenten) Sergej Skripal, sa Putin «Vi har ikkje gjort det.» Og da han blei konfrontert med at det var Novichok som var påførd Aleksei Navalnijs underbukser og som holdt på å ta livet av opposisjonsleiaren, sa Putin, med eit smirk: «Viss vi hadde ønska å drepe Navalnij så hadde vi gjennomførd det.»

Underforstått: Styresmaktene gjennomfører drap, og vi synest ikkje at det er noko å legge skjul på.

Skjule forsøkte ikkje Kreml heller da 4,2 km kabel som fører data - blant anna sensitiv informasjon for det norske forsvaret - forsvant sporlaust våren 2021. Skipstrafikk-data kjem frå opne kjelder, og nesten kven som helst kunne sjå at to russiske trålarar hadde bevegd seg i eit fiske- og tråle-messig sett kontraproduktivt sagemønster - på tvers av kabalane mellom norsk fastland og Svalbard. Trålarane hadde kryssa kablane hundrevis av gangar over fleire veker. Eit gravejournalistisk samarbeidsprosjekt mellom NRK, DR, SVT og Yle viste lenker mellom trålarane og russiske styresmakter. Russarane brydde seg openbart ikkje.

Har russarane kappa kabelen til kamera på Moss Kulturhus? Neppe. Og no har nokon uansett funne ei midlertidig løysing; There is gaffa tape in the house, proklamerer Pendry. Ho seier også: De vil sjøvsagt aldri få vite om denne vendinga var intendert eller ikkje. Eg høyrer at dei driv med slik i friteateret. Meta-teater, altså.

Nokon dreiv med det. Postdramatikarane i Susy Wang braut med denne brytinga av fiksjonen i The Look. No skulle dei dikte, for alt det er verdt. Eg fant kvile i å la meg oppsluke av Susy Wangs fiksjonsunivers, slik eg no slappar av igjen, når Pendry er tilbake på scena og skal ta meg tilbake til monologens verd.

Kanskje er det eit håp som blei vekka om at det kunstige sin motsats - det verkelege - skal gjenoppstå i sin reine form.

Kan nokon fortelle meg kor vi var? seier Pendry. REGISSØREN SPØR «VIL YOU KEEP THE COSTUME ON?» ropar ein frå salen. Takk, seier Pendry og går tilbake back stage, inn mellom sceneteppene, og det går opp for meg at ho ikkje med eit ord har snakka om forvitringa av grenser mellom fiksjon og fakta i russisk offentlegheit. Ho har ikkje behøvd å gjere det. Vi veit at politikk er teater i alle land, men at det i Russland er meir ekstremt og at grenseoppløysinga er satt under industriell, storskala produksjon. Vi har høyrd at russisk TV er gjennomregsissert, og ser maska som Putin bær. Offentlegheita er eit skodespel. Pendry behøver berre seie eit par ord, Putin, teater, og vips, så rullast det svære bakteppet ut.

På lerretet følger vi Pendry ut på det som liknar ein brannbalkong, der ho tar seg ein sigarett. Ho er tilbake in character, eller out of character. Det kan faktisk vere det same. Sigaretten kan vere ein del av regien, eller det kan vere improvisert her, no, fordi Pendry treng ein røyk etter den uføresette hendinga med kamerakabelen. Ho og fotografen kjem tilbake til scena, framfor skjermen, og i glimt - elegant subtilt, er kameravinkelen slik at også lerrettet der bildet er projisert, blir filma. Effekten er à la spiegel im spiegel****; som to speglar opp mot kvarandre. På lerretet oppstår ei uendeleg mengd kopiar av Pendry, og av lerretet. Slik er også mediverkelegheita skildra i Russland, som ein uendelegheitsspegel. Motseiingar og paradoks blir alle presentert som sanninga. Å sjå inn i den medierøynda og å ta inn over seg alle dei moglegheitene er til å bli gal av.

Og Pendrys verk er på nokre måtar eit portrett av denne verda. I teatersalen treng eg ikkje forholde meg til eit nitidig formelarbeid for å finne dét laget i monologen som er det sanne. Men så må eg gå ut. Putin driv ein krig der slagmarka er reidd av løgn og tvil. Når vi skal bygge opp Europa på nytt, så vil det skje grundig. Vi komprommiterer ikkje med dei prinsipielle forskjellane på kunsten og media/offentlegheita: Kunsten kan vere sann, men må ikkje vere det. Media må alltid vere basert på fakta. Slik skal teateret få fortsette å verke i samfunnet. Men da i eigenskap av å vere teater. Politikk og media skal aldri vere teater. Og den verktøykassa som kunstnaren har for å skape sine verk, må ikkje bli misbrukt som våpen i Putins hybridkrig.

Moss er surrealistisk varmt denne seine septemberkvelden. Eg går sakte mot fønvinden, mot toget, medan eitt anna av refrenga i monologen speler av i meg: She taught me how to watch movies.

Ho (mor) lærte henne (Pendry) å avlese ein tekst (her: ein film).

Å lære seg å lese, vere seg bilde, filmar, nyheiter, bøker, andlet, er - som i alle andre krigstider - svært viktig. I informasjonens tidsalder er det kanskje viktigare enn nokon sinne.

Kate Pendrys My Dinner With Putin hadde premiere 16. mars 2023 på Vega Scene, og er produsert av Kate Pendry saman med med Syv Mil, Vega Scene, Østfold Internasjonale Teater og Hamar Teater. Karlsvik såg den under Non Stop-festivalen i Moss 23. september. Monologen var da nominert til Heddaprisen for beste manus, og Kritikerprisen i kategorien Teater.

Frå 10. november kan du igjen sjå Kate Pendrys My Dinner With Putin på Vega Scene

* Eller er det film, ikkje movie, ho seier?

** Den kalde krigen var jo ikkje over. Den tok kanskje ei pause under Gorbatsjov, kanskje også såvidt under Jeltsin. Men sidan kontraetterretningsoffiseren Vladmir Putin blei president, har vi levd med den. Men iblant godt gjemt av styresmaktene våre, for the sake of diplomatikk og handel med olje, gass og kol.

*** For ordens skuld så meiner eg ikkje her tekst med ujamn høgremarg, men opne og tolkbare kunstverk av alle disiplinar.