Kunsten å legge inn lurespor, forføre

Rønnaug Kleiva er dramatikar, poet og romanforfattar. Men sjølv deler ho det ikkje opp slik. Ho tenkjer på alt dette som ein del av det å vere skrivar.

Mette Karlsvik, 10.05.2021

Ronnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (Foto: Privat)

– Eg tykte det var litt spesielt at du ville intervjue meg.

Tykte?

– Eg er ikkje ein rein dramatikar. For meg er det å vere dramatikar ein del av det å vere skrivar.

– Må ein fokusere på ein smal del av ein disiplin av skriving for å vere god?

– Nokre liker å spesialisere seg, andre gjer ikkje det. For meg er det å skrive i ulike sjangrar veldig nyttig. Ein har stoff som passar i éin sjangar og anna stoff som passar i ein annan sjangar.

– Er det difor du byrja å skrive dramatikk i 2001?

– Eg såg ei anna muligheit. Eg hadde skrive i mange sjangrar og ville prøve fleire. Når ein vekslar, blir ein kanskje ikkje lei av det ein gjer?

I Dramatikerforbundets Manusbanken ligg sju manus av Rønnaug Kleiva. Seks av dei har hatt premierer på stadar som Rogaland Teater, Dramatikerfestivalen og Radioteateret. Temataggane er vald, valdtekt, sjølvmord, mor-dotter og andre viktige tema i same sjangar. Som kunstnar har Kleiva alltid vore ein som går dit det brenn - til mellommenneskelege relasjonar.

Kleiva utdanna seg i si tid som lærar i Bergen, og jobba som lærar da ho debuterte som poet i 1985. Men Kleivas utdanning stoppa ikkje med lærarskulen - ho har jamnt og trutt og stadig søkt nye kurs, teke nye teningar. Etter eit kurs ho Radioteateret, debuterte ho som dramatikar i 2001 med radioteateret Kvinner med fingermanualar. Dramateksten er ei utskriving av ein to sider lang replikklaus kortprosatekst frå ei av dei over tretti skjønnlitterære bøkene ho har gitt ut.

– Eg finn det interessant at du - på eit seinare stadium - lot den stutte teksten falde seg heilt ut. Kor lang tid gjekk det eigentleg mellom publiseringa av den korte teksten, til du skreiv dramatikken?

– Ikkje så veldig lang tid. Eg veit det ganske sikkert fordi eg fører prosjektlister, som eg samlar i ein perm. Prosjektlista viser når eg byrjar å skrive på eit prosjekt, og når det eventuelt blir gitt ut eller vist. Dato, sjanger, arbeidstittel, planlagt dato for å kome ut i verda osv. Der ser eg at nokre prosjekt er jobba med over veldig lang tid før det blir noko av dei. Men dramatikken er ikkje det som har stått mest og hakka. Eg starta seint med å skrive dramatikk, og skal gjere meir av det i åra som kjem.

– Du var ein prisløna, anarkjent og etablert forfattar i 2010. Kunne dramatikken sleppe hakkinga fordi du var etablert og trygg på deg sjølv som skrivande?

Eg er ikkje sjølvsikker som dramatikar. Det er ei heilt anna verd. Dramatikken er vanskelegare.

Er det fint å ha dét å strekke seg etter?

– Ja, det vil eg seie. Når eg startar å skrive dramatikk, så er eg mykje meir oppteken av at eg skal legge ut hinta etterkvart.

"Du må lure folk mykje meir enn du gjer i vanleg skjønnlitteratur. Eg liker det der, å lure folk, legge inn lurespor, forføre".

Kleiva fortel dette over telefon. Ho og eg er i same by denne tysdagskvelden seint i april. Men det er strenge restriksjonar i denne byen, altså Oslo. Så Kleiva sit aleine i kolonihagehytta si på Solvang. Sola held akkurat på å gå ned og lufta er skarp. Kanskje sit ho i vinterhagen med dei smått bulkete vindauga. Kanskje i stova innanfor, med sine lunt møblerte hjørne.

Du skal ikkje måtte lure på kvifor eg veit det der. Kleiva og eg gir ut bøkene våre på same forlag - Samlaget. Eg har snakka med henne fleire gongar før, og fekk ein gong vite at ho ikkje tel kor mange år ho er men kor mange vårar ho har levd. For våren er den beste årstida, og særleg der ho kan så og dyrke, sjå det vekse og bere frukt.

Kleiva og eg gjekk òg i same klasse på Barnebokinstituttets pilotprosjekt i dramatikarutdanning for barne- og ungdomsbokforfattarar. Med Ragnhild Mærli som ein av hovudlærarane, fekk vi ei grundig grunnutdanning i dramatisk skriving. Samtalene i pausene vart ein slags praktisering av teorien. Klassen var av ein dynamisk samansetjing - her var Rønnaug Kleiva vs. Arnfinn Kolerud vs. Mariangela Di Fiore vs. Marit Kaldhol vs. osv osv. Stilen var direkte og stundom litt fiskeskøyte-aktig. Slik minnast eg samlingane på Nationalbiblioteket anno 2010-2011. Kva tok Kleiva med seg?

– Eg vil seie at eg fekk mykje ut av det. Men eg er ganske tunglært, det har søkkt inn litt etter litt. Å skrive dramatikk kjennest tyngre enn å skrive skjønnlitteratur - kanskje fordi eg vaks opp med å lese skjønnlitteratur. Det å lese dramatikk byrja eg først med som godt vaksen. Men no liker eg det veldig godt.

– Eg kjem frå ytre strøk og trur ikkje at eg var eksponert for scenekunst før eg byrja på universitetet. Kan ein snakke om eit informasjonsskilje her, mellom det som er tilgjengeleg i rurale og urbane område?

– Eg trur ikkje det er så farleg fordi det er så mange typar teater. Det same gjeld da det å skrive dramatikk. Vi skal ikkje skrive Ibsen, men gjere det slik vi sjølv synest er ok. Den som jobbar med dramatikarar må til ein viss grad godta prosjektet og det dramatikaren vil ha.

– Kva vil du ha?

– Eg har lært mykje om andres og eiga skriving på verkstader på Dramatikkens hus, der vi har fått tekstane våre lesne av skodespelarar, ofte med publikum og deira reaksjonar. Og når ein tar det opp og får sjå det i fred og ro, ser ein tydeleg kva som fungerer og ikkje. Det er nyttig. All skriving er like mykje å stryke som å skrive. Og så må ein sjå teater i praksis!

Formelt sett er Kleiva pensjonist. Men prosjektboka hennar teiknar framleis fleire parallelløp. Og den same prosjektboka fortel ikkje berre om alle bøker og stykke som ho skriv og eventuelt får offentleggjort. Ho viser også ein kunstnar som søker utvekling og læring. Berre sidan dramatikarutdanninga på Barnebokinstituttet har Kleiva vore husdramatikar på Dramatikkens hus, har vore deltakar på ymse skrive- og leseverkstadar på Dramatikkens hus, mellom anna eit lengre eitt på Mankellhuset på Ona. Så «pensjonisten» held eit forrykande tempo. Om eit par veker kjem Kleivas nye roman for ungdommar. Samtidig skriv ho på eit stykke dramatikk som ho ikkje enno veit kvar ho skal plassere. Og ho forvaltar den fabelaktige kolonihagen på Solvang. Der skal det òg lukast, såast, plantast ut, klippast, bli hausta.

Og apropos haustinga. Kva har det reint formelle rundt det å skrive dramatikk å seie for Kleiva? Eg tenkjer da på at det er dyrare å setje opp dramatikk enn å gi ut bok. Let ho skrivinga si få den forma den skal ha, også dramatikk, sjølv om det er eit nålauge å få den sjangeren antatt?

– Ja, eg bruker ulik form avhengig av kva teksten vil. Eg skriv faktisk på dramatikk akkurat no, sjølv om det er enklare med skjønnlitteratur. Da er det berre meg og redaktøren min. I teateret er det mange som blir involvert, mange som skal meine noko og som skal gjere det til sitt.

– Har du uoppsette dramatiske stykke i skrivebordsskuffa?

– Ja, Etter beleiringa, eit ungdomsstykke, som eg sjølv er glad i. Det blei ikkje sett opp.

– Korleis opplever du å bruke mykje tid på noko som du ikkje veit kvar du skal plassere?

– Eg tenkjer at tekstane kan skrivast om til ein annan sjanger, altså til skjønnlitteratur i bokform. Det blir transformert av forma - forma gir noko nytt til manuset.

– Og det dramatiske som kjem heilt til black-boxen blir transformert av menneska som er involvert - dramaturg, regissør og ikkje minst dei som les eller mot formodning skulle måtte «spele» den.

– Ja, det er spesielt å oppleve at regissør og skodespelar gjer teksten til sin. Dramatikken er ei sosial kunstform, noko som er veldig flott. Men det er også kva som gjer det vanskelegare.

– Er det også noko positivt i den motstanden som dramatikk-manusa får frå apparatet rundt?

– Ja, så absolutt. Andre sine auge og oppfatningar er alltid av det gode. Men også andre sine oppfatningar, tolkingar og forståingar kan vere ulike, så ein må heile tida vite kva ein sjølv meiner, tenkjer, forstår og vil uttrykke. Tekst er viktig, men teater er langt langt meir enn tekst.