I ekteskap med dramatikken

Viss ein slår liva til Ragnhild og Terje Mærli saman, finst det berøringspunkt mot bortimot alt som har vore av dramatikk og dramatikarar i Noreg sidan søttitalet.

Mette Karlsvik, 30.08.2021

Terje Og Ragnhild Maerli Foto Mette Karlsvik

Terje og Ragnhild Mærli (Foto: Mette Karlsvik)

Det bruser i fontena og suser i lauvtrea. I det som opplevast som fjernt, høyrest bulderet av ein hektisk, moderne storby og bråket frå ein samtidig scenekunst-feltdiskusjon som omhandlar ytringsfridom og retten til å kjenne seg trakassert og ikkje. Likevel er Bankplassen eit overraskande autonomt, lite kvadratur, liksom ein liten white box i fri luft. Og scenografien spenner frå noko av det eldste i Oslo, via 1837 da Christiania Theater opna her på plassen, til Engebret Café vart bygga og opna eit par tiår seinare som den første serveringsstaden i Christiania som hadde løyve til å sjenke alkohol. Her skal Ibsen ha vore stamgjest, Munch ha frekventert. Etter at Bjørnson blei instruktør på teateret rakk han ikkje alltid heim til Karoline til middag, og åt i følge caféen sjølv da på Engebret. Forresten understreka visst Bjørnson stadig at han var avhaldsmann men drakk champagne. Gjerne kvar dag.

Det gir meining å møte Ragnhild og Terje Mærli her; eit ektepar som, på kvar sine måtar, har sett sitt merke på norske teatre og norsk dramatikk. Ragnhild Mærli er dramaturg, men også eldsjel bak den verkstadsbaserte dramatikarutdanninga i Noreg. Ho jobba fram to unike pilotprosjekt med dramatikarutdanning, eitt treårig på Kunsthøgskulen (2001-03) og eitt i samarbeid med Norsk Barnebokinstitutt, med fokus på dramatikk for barn og unge (2010-11).

Dramatikaren, teatersjefen og instruktøren og regissøren Terje Mærli kan på si side kallast oppfinnaren av den moderne Ibsen-tolkninga, og var av dei første til å setje opp Ibsen i kontekst av samtida. Når eg spør han om ein kommentar om den delen av kunstnarskapet sitt, som Ibsen-regissør, seier han:

– All regi er bearbeiding. Og Ibsen skreiv for si tid. Difor ser scenetilvisningane ut som dei gjer. Men rørslene mellom folk er dei same som i dag. Latteren og gråten er den same, og er tilstades også i ein moderne samanheng.

Terje bearbeida Ibsen over tjue gongar i inn- og utland. Men Terje er også sjølv ein habil - og aktiv dramatikar. Han skriv på noko no?

– Ja, eg skriv på noko no.

MEIR vil han ikkje fortelje om den saken. Men her ventar opplagt ei fortsetjing. Til da, lat oss lytte til historiane om korleis han og Ragnhild kom inn på teatra, blei forelska i det rommet, og har jobba der sidan.

Kvart år rett før jul fekk Terjes beste kompis to billettar til Reisen til Julestjernen frå mora, som jobba på Nationaltheatret. Kvart år troppa dei opp på Nationaltheatret i finstasen, alltid like spente på kva dei skulle få sjå i år?

– Den fjerde veggen sto open og eg såg rett inn i eit landskap som gjorde meg begeistra før dei byrja å snakke. Det som begeistra har eg skjøna seinare er moglegheita for å lese teksten på ein særleg måte grunna det arbeidet som er gjort på scena med lys og skugge, farger, scenografi. Ja, vi såg det stykket mange gongar, og vi samanlikna vel dei ulike utgåvene.

Terjes foreldre var begge dedikerte til forteljingar, men også til kombinasjonen av kunstartar når ein skal formidle dei.

– Mor sang og tralla. Far las høgt frå Ibsen og Bjørnson. Han var særleg god på Terje Vigen. Far var ingen skodespelar, men han likte å underhalde oss med dei forteljingane.

Terjes onkel Lorang, som seinare blei logoped og talepedagog på Teaterhøgskolen, var ei drivande kraft i amatørteaterrørsla og forbudt teaterverksemd under krigen.

Ragnhild viftar med handa.

– Eg må berre sufflere litt… Morfar, veit du…

Ja, her er det på mange måtar grunnar til å gå enda ein generasjon attover i tid. Så la meg ta det litt grundig. Ragnhild vaks opp i Oslo med foreldre frå Hemsedal og Harpefoss i Gudbrandsdalen. Far hennar var kjent i inn- og utland for sin sterke fantasi, sterke tru - og generelt for sitt særeigne sinn og energi. Han hadde dessutan den evna at han kunne finne vatn (!) og folk som var forsvunne (!), noko både Ragnhild og Terje er førstehandskjelder til. Dette må vi høyre meir om, seier eg til Ragnhild, som fortel:

Da far tok handelsskulen i Lillehammer, blei han kjent med Marcello Haugen.

Haugen gjorde far merksam på at han hadde evner til å finne vatn. Far, som var sterkt religiøs, meinte han hadde ei plikt til å hjelpe andre, og utvikla evna videre til kunnskap om terreng, kart og vannårer. Etterkvart fann han ut at han hadde ei evne også til å finne folk som var blitt borte i fjellet. Det var dette både Terje og og eg blei vitne til. Han blei kjent utanfor Noreg for desse evnene.

Liva og fortellingane til faren og mora var med på å prege Ragnhilds val av fag på Universitet; folkeminnevitskap, historie og nordiske språk.

ANENE TIL TERJE går attende til ei ætt av musikarar, med tyngdepunkt på fiolin, trekkspel, historier. Den sagnomsuste morfaren var ein av desse. Terjes fetter var ein annan, eit oppkomme av forteljarkunst og toneglede. Fetteren trakk publikum.

– På mitt fagspråk seier vi at slike som han tek rommet. Alle dei store skodespelarane tek scena. Og denne onkelen trakk publikum.

Terjes interesse for forteljekunsten fekk gode vilkår da han gjekk på gymnaset. Det begynte med at han gjekk på reallina, men oppdaga etter eit halvt år der at han verken skulle bli lege, sivilingeniør eller advokat. Han gjekk til foreldra sine og sa: Eg vil byrje på teaterskulen.

– Foreldra mine svara at dei ikkje tilrådde dét. Dei sa: du kan få slutte på reallina, men må byrje på engelsklina.

Etter jul snakka foreldra med rektor. Rektor ville la guten bytte line, med det førehaldet at han tok att det pensum som han hadde mista så langt på engelsklina, og tok eksamen. Det gjorde han, og heile arrangementet skulle vise seg å ha vore ein god idé. Terje kom i klasse med dramatikaren Sverre Udnæs og skodespelaren og regissøren Stein Winge - begge som skulle bli gode venner og kollegaer.

– Det var viktig for oss at vi var på same stad på same tid.

Ein lærar var dessutan viktig og sannsynlegvis ein dyktig lærar: Da Udnæs og Terje ønska å bruke stiloppgåvene til å skrive sceniske tekstar, sa læraren ja. «Men ikkje skriv slik på eksamen!» sa læraren. Til eksamen måtte stilen vere ressonerande.

Terje skreiv heile tida, og etterkvart fekk Winge og han ideen om å skrive skuleteater.

– Og det skulle vi spille sjølv! Eg skulle vere teatersjef. Det holdt på å havarere rundt juletider, da vaktmeisteren nekta oss å ha prøver. Da skulle han ha juleferie og ville ikkje følje oss opp. Men far til Stein var biletkunstnar med atelie i Rådhuset. Han lot oss få ha prøver der.

– Blei det bra?

– Stein, Sverre og eg var svært opptekne av kunsten, vi snakka om dei temaa heile tida: livet, litteraturen, teatret og døden.

LIVET, DØDEN, OPERAEN

Berre nokre år seinare skulle også alvoret innhente Terje. Etter artium og etter ein månad inn i førstegangstenesta, omkom begge foreldra hans brått i ei ulykke. Terje reiste heim frå Evjemoen leir for å gravlegge foreldra og for å ta vare på to yngre søsken på 13 og 16 år. Mærli byrja på universitetet og valde seg fransk, nordisk og litteraturvitskap.

– Det var det språket som eg hadde det mest artig med på engelsklina.

Inspirert av læraren i fransk frå gymnaset, hadde da også Terje og ein kompis haika til Paris som 17-åringar. Som 22-åring reiste han tilbake og studerte eitt år ved eit fransk universitet. Der landa han midt oppe i den fransk-algeriske konflikten, og fekk kjenne konsekvensane av politikk på kroppen.

– Det største opprøyret frå algeriarar kom seinare. Men Fremmedlegionen var allereie eit tema, og mange av medstudentane mine frå Algerie kunne fortelje om grufulle overgrep. Dette var nok veldig styrande for det politiske engasjementet mitt.

Den tiende mai 1961 hadde Terje akkurat dimittert og var komme frå Bodø til Oslo med toget. Han gjekk ein tur i byen, der han møtte ein gamal venn frå skuleteateret, Erik Norman Hansen. «Korleis har du det?» spurde Norman Hansen, og Terje fortalte at han skulle studere og trong inntekt. «Kjem du på Oslo Nye Teater i kveld?» spurde Norman Hansen, og der fekk Terje jobb med lyssetting, på dagen.

– Eg sat da to etasjar over grava, og følgde alt som gjekk føre seg på scena og rundt. Det var den beste teaterutdanninga.

Og samtidig skulle du studere?

– Eg studerte på Blindern, men kunne der seie at eg ikkje jobba etter klokka seks, fordi eg skulle vere på teateret frå klokka sju.

Forteljingar ved slutten av livet

Samtidig, i Oslo, lever også Ragnhild - da Ragnhild Aspen - eit intenst og spennande liv. Ho avsluttar latinlina på gymnaset, og bruker fritida til å stelle gamle og sjuke på Ullevål sykehus. Slik finansierer ho studia og får verdifull røynsle i livet. Noko av det som interesserer og råkar henne mest med praksisen på sjukehuset er alle forteljingane som ho blir tilhøyrar til.

– Eg hadde mange vakter der eg var saman med eldre menneske som låg på det siste. Dei hadde svært mange historier å fortelje. Eg elska å lytte til dei. Dei historiene har nok prega mykje av arbeidet mitt. Men eg blei ikkje sjukepleiar. Eg byrja på universitetet, og der kom eg inn i Olateatret, norskstudentane si teatergruppe.

Veldig enkelt kan ein seie at Terje og Ragnhild møtast fordi begge studerer nordisk samtidig. Dei finn kvarandre gjennom teatergruppene «Marianne» og «Ola». Og på eit nachspiel der Terje skal ha sølt ein tallerken ertesuppe over Ragnhilds nye kjole.

Men eit par blir dei. Og Terje kjem samtidig inn på eit prøveprosjekt for instruktørar på Teaterskolen. Barthold Halle og fleire står bak denne lina, som har ein pilotklasse på seks elevar. Og etter berre eitt år der får han jobb på Oslo Nye.

– Det var Barthold som fekk meg inn der. Og eg var jo ikkje ukjent på teateret etter tida som lysmann. Og det var da at eg byrja å skrive for alvor.

Samtidig blir Ragnhild så engasjert i teater at ho tek dette som eit fjerde fag. Teater og annan kunst ser da også ut til å vere sterkt tilstades i Oslo på sekstitalet. Berre i 1967 kan ein i VG lese to artiklar om Olateatrets oppsettingar. I april gjekk det i Strindberg og i november - Fruen fra havet av Ibsen. Også engelskstudentane hadde si teatergruppe, fortel VG på den tida. Det var i teatra det skjedde? Mærliane fortel om miljøet rundt studentlivet og ikkje minst amatør- og institusjonsteatra: Aktørar i alle former og på alle nivå møttest om kveldane på Theatercafeen (dei meir etablerte) eller Casino (dei unge).

– Casino var viktig. Det var ein stad der unge menneske frå alle osloteatra møttest og diskuterte, der idear vart skapt, kontaktar oppretta.

Casino låg i Stortingsgata 18, altså i blokka nedanfor Theatercafeen, der restauranten Dinner ligg i dag. Den opna i 1921, var overteke av tyskarar under krigen, og var råka av brann i 1960. Da utestaden opna igjen var det med dekor av teatermålaren Harry Anders, og dekor med keramikk og smijern. Her møttes, i følge Oslo Byleksikon forfattarar, biletkunstnarar og dei yngre forfattarane ved Nationaltheatret og Det Norske Teatret. Alle som ønska ein utestad som var mindre formelt enn Theatercaféen, som hadde forbod mot dongeribukse.

– Det var der ideen om det første filmmanuset mitt - Axel og Marit - blei til i samarbeid med Sverre Anker Ousdal og Eva Opaker, seier Terje.

– Vi bestemte oss for at det skulle handle om unge menneske i dag, så det handlar om eit ungt ektepar. Det var ein ganske ambisiøs sak, som vi sendte mellom oss og jobba med lenge. Vi sendte manus inn til Norsk film og til Fjernsynsteatret på våren. Det endte med tilbod frå begge to. Men Norsk Films svar var at dei trengte å søke pengar for å gjennomføre det. Dermed gjekk vi for Fjernsynsteatret, som ville gå i gang med ein gong.

Gjengen jobba vidare med ideen på Snoreloftet - ei biscene på Oslo Nye, der unge teaterkunstnarar fekk prøve seg. Dette blir også Terjes debut som filminstruktør.

Terjes første dramatikkverk for scene var komedien Middagsgjesten som blei satt opp på Oslo Nye Teater i 1974, før Orestes kommer som blei sett opp på Centralteatret i 1976. Han bearbeidde elles særs mange stykke for scene og TV, slik som serien Grenseland (1979) som han skapte over Sigurd Evensmos romanar. Han var i 1986 med på å få Amandaprisen for beste fjernsynsfilm for filmatiseringa av Margaret Johansens roman Du kan da ikke bare gå. Han står også bak filmen Fugleelskerne basert på Jens Bjørnboes roman, og kriminalserien Aksjemordet frå 1990.

Terje skulle bli kjent som den som regisserte eller instruerte i oppsettingar av ein politisk, norsk dramatikar - Henrik Ibsen. Det ikkje så mange er klar over, er dei intense samarbeida han har hatt med Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen. Paret vekslar mellom Oslo og Trondheim ei stund. Det blir skrive komediar, det blir jobba på tvers av kunstformene, og ein kjærleik for Trondheim blir vekka. Dette skal på sikt få den konsekvensen at Terje takkar Ja til ein jobb som teatersjef på Trøndelag teater.

Moderne dramatikarutdanningar i Noreg

Men kvar er Ragnhild på denne tida, i karrieren sin?

– Eg var altså ikkje frå starten av eit teatermenneske, men oppteken av forteljingar. Det var i Olateateret at eg blei tent på teater. Det gjorde at eg endra fagretning på Blindern og gjorde teater til det siste faget mitt. Eg skulle bli lektor, men endte med å få og ta jobbar som dramaturg. Det var praktisk teaterarbeid, rett og slett.

– Du blei ein viktig samtalepartnar, legg Terje til.

Og den evna, det å komme inn som rådgjevar og konsulent, skulle bli Ragnhilds jobb. Ho blei rekruttert av Det Åpne Teateret, no Dramatikkens hus, av kunstnarisk- og dagleg leiar Anne-May Nilsen.

– Der handla det om norsk dramatikk. Norsk, norsk, norsk. Der jobba vi med skrivande menneske, og mi kampasak blei etterkvart utdanning, og det at dramatikarar måtte få sjansen til å jobbe tettare på scena, saman med skodespelarar og regissørar. Det var på den tiden komme forfattarutdanning i Noreg, og kunstutdanning hadde vi jo. Tanken blei fødd om å få til ein meir verkstadsbasert dramatikarutdanning i Noreg.

Slik blei det til at tre dramatikarar frå 2001 fekk delta i det unike Pilotprosjektet for dramatikarar ved Kunsthøgskulen i Oslo. Dei tre utvalde var Gyrid Axe Øvsteng, Liv Heløe og Kim Atle Hansen.

– Det var frykteleg mykje motstand og protestar mot prosjektet. Det var noko med ideen om at ein ikkje kan lære den kunstarten. Men andre kunstformer hadde sine utdanningar.

– Men du insisterte på at dette var et handtverk som kan lærast?

– Ja, og også dramatikaren må vere i rommet og sjå korleis teksten verkar i rommet. Ein må vite noko om rørsler i rommet, og opne teksten for andre kunstnarar og kunstartar.

Ragnhild viser fram smykket ho har på seg den dagen. Eit knippe blå, gjennomskinnelege steinar i sølvkjede.

– Gyrid, Liv og Atle gav det til meg ved slutten av programmet. Desse steinane er alle tårane og alle hjarta som dei hadde lagt att på det golvet. Det var tøffe tider. Men pilotprosjektet fekk undervisning av arkitektar, musikarar, regissørar og skodespelarar. Prosjektet blei òg eit samarbeidsprosjekt med Teaterskulen i Oslo og teaterutdanningane i Danmark og Sverige.

Piloten blei byrjinga på den noverande dramatikarlina på KHiO, som har eksistert i fleire år og som no har fått sine første doktorgradar.

Ragnhild sitt hjarte banka verkeleg for dramatikarutdanning i Noreg. «Det er ei skam av vi manglar eit slikt tilbod,» sa ho til Klassekampen i 2010. Og den same hausten bar eitt anna av Ragnhilds harde arbeid frukter. Eit samarbeid mellom Norsk Barnebokinstitutt og Dramatikkens hus blei til atter eit nytt pilotprosjekt: Dramatikerutdannelsen for norske barne- og ungdomsbokforfattarar. Eg var tilfeldigvis ein av dei ti som tok den eittårige, seminarbaserte utdanninga, og minnast at eg opplevde Ragnhild som så nærverande og engasjert at eg iblant spurde meg om ho eigentleg òg var ein av oss elevar - og samtidig ein av lærarane. Men ho var altså «prosjektet si mor», med base i Dramatikkens hus, og ein som vi stadig diskuterte undertekst, overtekst og handling i tekst med, og tekst i rom.

Begge Mærliane er samde om at dramatisk skriving mest av alt er handtverk, og at det å lese dramatikk er meir semiotikk enn semantikk. Semantikk er, for ordens skuld, lære om kva tegn betyr. Semiotikk handlar om korleis teiknet får betydning. Og det er her omgrepet Terje nemnte innleiingsvis, den fjerde veggen, kjem inn. Omgrepet er frå det naturlistiske teatret på slutten av 1800-talet, altså Ibsen si tid. Da skulle skodespelarane framføre ei framsyning utan å tenkje på tilskodarane. Den fjerde veggen viser til at publikum i salen sat som «kikkarar» inn i ei verd som hadde sitt eige autonome liv. Veggane er på mange måtar også det som bær alle teikna, dei semantiske elementa, som lagar kontekst for teksten som blir sagt.

Terje Og Ragnhild Maerli2 Foto Mette Karlsvik

Terje og Ragnhild Mærli (Foto: Mette Karlsvik)

Terje Og Ragnhild Maerli3 Foto Mette Karlsvik

Terje og Ragnhild Mærli (Foto: Mette Karlsvik)

Terje Og Ragnhild Maerli4 Foto Mette Karlsvik

Terje og Ragnhild Mærli (Foto: Mette Karlsvik)

Bankplassen og kunsten

Mærliane møttest, gifta seg, jobba, og har hatt sitt sosiale liv, sidan tidleg seksitalet, i seksti år, i teateret. Da dei feira gullbryllaup var det her, på Engebret, der naturalisten Ibsen og andre teaterfolk og kunstfolk møttest halvanna hundreår tidlegare.

Det er ei lang historie, ei jamnt over særs aktiv historie. Det er ikkje mange åra sidan paret samarbeida om eit prosjekt med Nordic Black Theatre. Dei jobba da i to omgangar i Marokko - i Rabat og Essaouiria. Det var elevar frå Nordic Black og frå byane. I den sistnemnte byen, ein kystby sør i landet, sette dei opp Kardemommeby av Egner, tolka på kvar sine måtar av dei norske og marrokanske teaterelevane. Publikum i Oslo fekk også sjansen til å sjå produksjonen, da den var vist på Nordic Black.

Og skrivinga og teaterarbeidet er ikkje berre ei fortid og ei samtid - den har også ei framtid foran seg. Terje skriv på noko no, åtti år gamal. Kva vil han seie om det?

– Min tanke om dramatisk tekst er at den samtidig tek vare på det semiotiske og det semantiske, med handtverket i botnen. Men det ein gjer er på botnen å prøve å skrive situasjonar mellom menneske. Viktige, riktige og sanne.

Så bryt eg denne situasjonen mellom tre opp, og forlet Engebrets uteservering. Vi hadde hatt kremen av utebord, under markisen, nærmast fontena, eit stykke frå inngangen der andre menneske kjem og går, til og frå lunsjmøte eller dates med gamle eller nye flammer. «Det er den beste plassen i byen,» hadde Ragnhild sagt. Og eg lurer på om ho da i eit augeblikk hadde glømt alle dei andre plassane som paret «har» og har hatt saman, frå Olateatret via Casino, frå Oslo Nye via Det Åpne Teater til Kunsthøgskulen. Frå «mjølkebutikken» der «Knudsen & Ludvigsen» budde og inviterte vennene sine, til Studentersamfunnet i Trondeim, Trøndelag teater, Intimteatret og National. Mange og mykje har komme og gått. Men dei har erfart og møtt det meste saman.