Fordi det er meir enn eit yrke

Viss ein dramatikar blir sensurert, fengsla, eller skadd eller drept, fordi han skriv, er det ikkje berre eit åtak på dramatikaren. Det er eit åtak mot den internasjonalt nedfelte menneskeretten til å ytre seg. Difor engasjerer Dramatikarforbundet seg òg solidarisk i saker som angår ytringsfridom utanfor landets grenser. No kan du foreslå kandidatar til Dramatikerforbundets Solidaritetsstipend 2026.

Mette Karlsvik, 24.09.2026

Marius Kolbenstvedt Foto Synne SB Boenes

Marius Kolbenstvedt med framsyninga Mistekunst på Bergen Dramatikkfestival. Stykket flettar saman hans eigne tekstar med ord frå palestinske poetar. (Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes)

OSLO, 17.9.26: Marius Kolbenstvedt ser ned på skjermen til mobiltelefonen sin. Det er eit så uvant syn. Kolbenstvedt finst jo ikkje på SoMe, fordi han meiner det er øydeleggande for individet sin helse og for samfunnet.

- Kva driv du med, Marius?!

- Eg skulle berre finne den meldinga frå Einat. Sånn at eg kan gi deg det namnet. Eitt sekund!

Kolbenstvedt snakka med den israelske dramatikaren, regissøren, skodespelaren og aktivisten Einat Weizman seinast i går – 16. september, på zoom.

Weizman hadde fortalt Kolbenstvedt om sitt siste arbeid, Prisoners of the genocide, basert på hennar førre verk, Prisoners of the occupation, men no i konteksten av ein stadig meir radikalt brutal røynd i Palestina, med stadig meir ekstrem vald, overgrep, tortur, meir seksualisert enn før.

Det var meir å fortelje om enn før, og viktigare.

Samtidig, sa Weizman, var det vanskelegare enn nokon gong å gjere det. «Eg klarar ikkje,» sa ho til Kolbenstvedt førkvelden: Det er for tungt.

Men er ikkje det eit godt startpunkt for eit dramatisk verk? spurde Kolbensvedt: Korleis kan eg skrive om det som det ikkje går an å skrive om? Korleis nærme seg dette som er heilt uuthaldeleg?

Det har vore brutalt før i Palestina, men no er alle grensene flytta, fortel Kolbenstvedt, som ikkje finn det namnet som Weizman hadde sendt han. Det var ein dramatikar, kanskje ein kandidat til Dramatikerforbundets solidaritetsstipend.

Å SKRIVE OG FORMIDLE OFFENTLEG, SOM Å VERE DRAMATIKAR ELLER MANUSFORFATTAR, ER MEIR ENN EIT YRKE.

Det er ein del av den demokratiske infrastrukturen, som ikkje kjenner landegrenser. Difor har Dramatikarforbundet ei internasjonalt og solidarisk åre, som mellom anna kjem til uttrykk som ei årleg utdeling av eit Solidaritetsstipend. For 21. år på rad, ber foreninga no om innspel på kandidatar.

Å utdele denne prisen handlar om meir enn dei einskilde kunstnarane og om motet deira. Det handlar òg om den idehistoriske relasjonen mellom demokratiske verdiar, og ytringsfridom. Eit anna av Dramatikarforbundets medlemmar, Hanne Ramsdal, sa det slik i eit intervju med Den norske Forfattarforening, som leiar for den foreninga sitt internasjonale utval:

«vi [kan ikke] ta denne friheten for gitt, hvor skjør den faktisk er og hvor viktig det er å jobbe for den og være solidariske med dem som ikke har den.»

Allereie i føremålsparagrafen har Dramatikarforbundet nedfelt at dei skal arbeide for å styrke og verne om ytringsfriheten.

Difor støttar Dramatikarforbundet Norsk Pen, og gir kvart år eit solidaritetsstipend à 50 000 kroner til einskilspersonar eller prosjekt innanfor scene- og audiovisuelt-feltet som av politiske grunnar ikkje kan opphalde seg i heimlandet, eventuelt som oppheld seg der, men under politisk vanskelege tilhøve.

Einat Weizman Foto Torunn Eikanger

Einat Weizman mottok Dramatikerforbundets Solidaritetsstipend for 2019. (Foto: Torunn Eikanger)

Til åtak på visningsrom

Marius Kolbenstvedt har, saman med sin mangeårige samarbeidspartnar i Motforestillinger, Vibeke Harper, nominert fleire av mottakarane av solidaritetsstipendet. Mellom anna Einat Weizman, for 2019.

Dei kjenner Weizmann nært, gjennom å ha bidrege til å få sett Weizmans dramatikk opp, i Noreg.

For noko av det som er særskilt for dramatikaren som prøver å jobbe i autokratiske regime eller konfliktsoner, er avhengigheita av visningsrom. Visningsromma er den kritiske infrastrukturen i det feltet, og gjerne noko som regima stenger eller strupar, tidleg. Da blir det å få ei scene eller ein annan kanal ut, kritisk. Også difor har Dramatikarforbundets solidaritetsstipend gått til institusjonar som Woman International Playwrights’ Conference i Cape Town, og Ahemd Tobasi, kunstnerisk leder for teatret og teaterskolen The Freedom Theatre i flyktningeleiren i Jenin på Vestbredden.

Disse jobbar for vilkåra for å formidle dramatikken. Og no snakkar Kolbenstvedt og Weizman om å tematisere og skriftleggjere sjølve vilkåra for å skrive.

Kolbenstvedt har sjølv blanda inn slike meta-tema, i sitt siste og kritikarroste stykke Mistekunst. Dette solo-verket hadde premiere på Bergen Dramatikkfestival i starten av september, og er eit verk sett saman av sin eigen og palestinske poetar sine tekstar, samt dokumentarisk materiale.

Kolbenstvedts eigne tekstar er saumlaust og uungåeleg filtrert inn i den palestinske poesien, i dette stykket. Det er Kolbenstvedts kunstnarskap også, over tretten år. Hans palestinske engasjement begynte i 2013, da han var med på ei reise til Palestina. Kolbenstvedt fekk da også tilgang til den palestinske poesien.

- Dette er eit språk som klarar å røre, djupt, medan nyhendestrøymen sitt flate språk berre gjer meg nummen.

Motførestillingar og Motforestillinger

Han byrja da også eit nært kunstnarisk samarbeid med kunstnaren og omsettaren Vibeke Harper, eit protest-kunstkollektiv med namn Motforestillinger. Dei har ivaretatt og formidla palestinsk poesi og scenekunst, og altså bidrege til Dramatikerforbundets internasjonale arbeid gjennom nominasjonane, og som kontaktpersonar opp mot mottakarar.

No er det altså mogleg for alle medlemmar å nominere kandidatar til Dramatikarforbundets solidaritetsstipend 2026. Stipendet er på 50 000 kroner, og har tidlegare gått til nettopp Einat Weizman, men òg til andre einskilspersonar som Dalia Taha (2025), Ali Abu Yassin (2024), den eritreiske dramatikaren og forfattaren David Isaak (2007), og.

Kolbenstvedt tenkte å nominere ein palestinsk poet, igjen. Men han leitar framleis etter namnet, i ei melding på ein eller annen plattform, som han fekk frå Weizman. Ned att i skjermen. Korleis er framdrifta?

Han ser opp, og seier: Eg har forsøkt å sende deg frå WhatsApp no.

- Niks, ingen ting her.

Eit par dagar seinare har han klart å finne namnet, som er Hossam Al Madhoun, og sender det på e-post til meg. Samtidig fyller han òg ut dette skjemaet, som du òg kan gjere, om du har ein kandidat du vil nominere.