Sunniva no

[2017]

Handlinga byggjer fritt på legenda om den irske kongsdottera sunniva som flykta frå tvangsgifte med ein viking. ho flykta i open båt, utan årer og utan segl. ho kom til øya selja der ho og enda livet.

  • Språk: nynorsk
  • Skrevet: 2017
  • Målgruppe: Voksne

Skrevet av

Synopsis

Manus er i sjangeren "scenisk folkedans". Musikk og dans/bevegelse skapar narrativet og situasjonane. Publikum er integrerte i med i ulike scener og beveger seg ut frå enkle scores som gir ei "her og no"- oppleving. På 900-talet, før Noreg var samla til eit rike, oppsto legenda om den irske kongsdottera Sunniva som flykta frå tvangsgifte med ein viking, til Noreg i open båt, utan årer og utan segl, og som enda livet på øya Selja, då fastbuande ville jage ho og folket hennar frå staden. Manus legger flukten i open båt som omstendighet for å prøve trua. Sult, frost og ikkje land i sikte utmanar gudstrua. Sunniva er det samlande punktet for tvilande munkar. Legenda er dagsaktuell meir enn 1000 år etter sitt opphav. ­Ensemblet har freista å skape tette band mellom dansarane, musikaren og publikum, for å gje ei meir direkte oppleving av situasjonen. Assosiasjoner til dagens båtflyktningar i Middelhavet er tette. Manus reflekterer rundt at det den gong som no er ei brytningstid mellom det gamle og det nye. Dei som flyktar, er utsette for brutale middel og drap i samband med tru og levesett i eige heimland.

Historikk

  • Uroppført: 2017
  • Produsent: Sogn og Fjordane Teater, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i samarbeid med produsent Gro Marie Svidal
  • I rollene:

    Torill Steinjord, Vetle Springaard, Martin Myhr, Gro Marie Svidal.

Forestillingsrettigheter

Norske Dramatikeres Forbund er ikke agent for forfatterne i denne databasen.

Ønsker du å oppføre manuskriptet, ta kontakt med forfatteren selv eller med forfatterens representanter.