Mødrevariasjonar

[2023]

Sara, kristine, ingrid og marianne er alle fyrstegongsfødande. her møter vi dei som høggravide og følgjer dei gjennom ti år. vi får òg møte mødrer, bestemødrer, vener, kjærastar, tanter og andre ikring dei. dette er ein leiken og utfordrande tekst med seksten roller for fire skodespelarar.

  • Språk: nynorsk
  • Skrevet: 2022
  • Målgruppe: Voksne

Skrevet av

Synopsis

Sara, Kristine, Ingrid og Marianne er alle fyrstegongsfødande. Her møter vi dei som høggravide og følgjer dei gjennom ti år. Vi får òg møte mødrer, bestemødrer, vener, kjærastar, tanter og andre ikring dei. Dette er ein leiken og utfordrande tekst med seksten roller for fire skodespelarar.

KRISTINE: Såg de det? Magen bular ut når ho sparkar! Herregud ... eit anna vesen inni meg. Spooky, eller kva? Eg skal bli ei god mor, sa eg det? Ei som bakar bollar! Syng og les. ... som lagar matpakkar og køyrer ungane på trening og hentar dei og har eit fang dei kan krabbe opp på.

INGRID: Eg har ikkje ein tanke meir på avhandlinga mi – berre på kven det er som er her inne. Faen i helvete kor dårleg timing. Eg skulle jo ikkje ha barn! (Til magen:) Så kva er du der inne? Gut eller jente? Sterk eller svak? Dum eller smart? Kva kan eg gjere for at du skal tole dette livet?

MARIANNE: (...) men så var det som om kroppen berre ville ha barn, same kva hovudet mitt sa. Eg blei galen – berre måtte bli gravid.

SARA: Du må tenkje på ungen, seier dei. Eg vil ikkje gjere same feil med deg som eg har gjort med Mina, seier mamma. (Til magen) Men du har då best av å vere med mor di, vel?

Historikk

  • Uroppført: 2023
  • Produsent: Teater Vestland
  • I rollene:

    Oda Alisøy, Carina Furseth, Idun Losnegård, Katrine Lunde Mackenzie

Forestillingsrettigheter

Norske Dramatikeres Forbund er ikke agent for forfatterne i denne databasen.

Ønsker du å oppføre manuskriptet, ta kontakt med forfatteren selv eller med forfatterens representanter.