Eadnemáddu

[2022]

Noko skrekkeleg har hendt ei ung kvinne i inste indre. den unge mannen som har gjort det, går fri, som dei fleste andre. korleis leve vidare når rettferd ikkje skjer?

  • Språk: norsk (bokmål)
  • Skrevet: 2022
  • Målgruppe: Voksne

Skrevet av

Synopsis

I Eadnemáddu skal vi til Vardø, staden som markerer Noregs austgrense. Lenger kjem ein ikkje. Utanfor er berre ishavet.

Vardøhus festning er frå 1300-talet, bygd i eit arktisk landskap utan tre. Unntaket er rogna som er planta på festninga og som kvart år blir pakka inn for vinteren. Den fyller tjue år, og det må feirast. For å skape bulyst og lys i husa i Vardø blir det halde ein heil festival for rogna. Den Unge Mannen får jobben som prosjektleiar, slike jobbar har han gjort før på andre stader. Han kan dette. Men i skuggane lurer noko. Noko som har jaga han frå Inste indre, gjennom Dalen og Fjorden og ut hit, til Ytste Ytre. Han kan ikkje kome seg lenger. Noko må hende.

I Eadnemáddu har dramatikar Siri Broch Johansen konstruert eit ord som ikkje er i bruk i det nordsamiske språket, men som likevel har sterke konnotasjonar til kjente mytologiske figurar. I samisk mytologi har alle dyr ei máddu, ei stammor. Om du plagar eit lite dyr, vil dyrets stammor hemne seg på grufullt vis. Eadne-máddu er alle mødrer si stammor. Ho hemnar seg på vegner av alle døtrer og søner som nokon plagar. Kanskje er det mange som treng ei Eadnemáddu her i landet?

Historikk

  • Uroppført: 2022
  • Produsent: S B Johansen SKRIV og DNT
  • I rollene:

    Sara Margrethe Oskal, Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell, Kirsti Stucø, Niklas Gundersen, Joachim Rafaelsen

Forestillingsrettigheter

Norske Dramatikeres Forbund er ikke agent for forfatterne i denne databasen.

Ønsker du å oppføre manuskriptet, ta kontakt med forfatteren selv eller med forfatterens representanter.