Dei som fer

[2022] Last ned

Eit samskrivingprosjekt mellom arne lygre og mette karlsvik, om eld, vatn og vindar som formar landskapet og menneska som bur her, om korleis vi gjennom tidene har samla oss rundt leirbålet. kvifor bur vi her? kven er vi som bur her? kvifor valte nokon å busetje seg her? kvifor har vi blitt som vi har blitt?

  • Språk: nynorsk
  • Skrevet: 2021
  • Målgruppe: Voksne

Skrevet av

Synopsis

Frå Teatret Vårt sitt program:

Lavamassar har storkna og forma denne delen av moder jord; djupe fjordar, berg og høge fjell. No køyrer vi Golf GTI i Kaibakken, tek i land gass på Aukra, Vestbase sørvar oljeindustrien og rundt oss stormar hav og vindar mens vi får høyre at temperaturen stig. Når forholda rundt oss teiknar til å bli uleveleg tek vi menneske ulike val. Dottera, ektefellen og nære venner – har alle det same håpet om ei betre framtid.

Dei som fer er eit unikt samarbeid mellom Mette Karlsvik og Arne Lygre, der dei har fletta saman tekstane Eg byrjar og Jeg forsvinner til ei storslagen framsyning og ei nær og sanseleg forteljing. Korleis blir menneskelege relasjonar påverka av elementa i naturen rundt oss? Og korleis påverkar menneska naturen - og kvarandre?

Referansar til norrøn mytologi, naturvitskap, notidige observasjonar og moglege framtidsscenario nært knytt til Møre og Romsdal dannar rammeverket for ei historie som er tett på menneska. Forteljinga er ein inngang til å sjå seg sjølv og andre; kan vi eigentleg forstå eit anna menneske? Kan vi greie vi å setje oss inn i korleis andre sine liv fortonar seg?

Vatn, vind, lys og skyar er tekne inn i scenografien. Musikken i framsyninga er inspirert av folketonar frå regionen som har ei styrkande og trøystande kraft. For fellesskapet rundt leirbålet finst kanskje framleis.

NB ang. språk: norsk bokmål og nynorsk. Min tekst var nynorsk. Også spørsmåla under har eg svara på grunnlag av mitt eige bidrat.

Historikk

  • Uroppført: 2022
  • Produsent: Teatret Vårt
  • I rollene:

    Mari Strand Ferstad, Ingrid Myhre Løvik, Johanna Mørck, Kjersti Botn Sandal, Tov Sletta

Forestillingsrettigheter

Norske Dramatikeres Forbund er ikke agent for forfatterne i denne databasen.

Ønsker du å oppføre manuskriptet, ta kontakt med forfatteren selv eller med forfatterens representanter.