Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur

Nobelprisen i litteratur 2023 går til Jon Fosse for hans nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege, uttaler juryen i Svenska Akademien. Juryen trekk også fram Jon Fosse sin heilt eigenarta evne som dramatikar, som han har hatt heilt sidan starten av karriera si.

Redaksjonen, 05.10.2023

Jon Fosse Foto Tom A Kolstad

Jon Fosse (Foto: Tom A. Kolstad)

Jon Fosse (f. 1959) blir reikna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 50 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ein rekke prisar både i inn- og utland. Sidan 2006 har Jon Fosse vore æresmedlem i Dramatikerforbundet.

- Eg er overvelda, og svært glad og takksam. Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen, seier Fosse i ei pressemelding frå Det Norske Samlaget.

Forlagsdirektør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard kommenterer tildelinga slik:

- Vi er uendeleg stolte over at Fosse får Nobelprisen i litteratur. Sidan Fosses litterære debut i 1983 har vi i Det Norske Samlaget fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing. Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen.

Det aller mest omfattande prosaverket Jon Fosse har skrive til no, er Septologien (2019–21). Verket er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands. For Septologien har Jon Fosse fått ei rekkje prisar. Mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og amerikanske National Book Award.

Den til no siste prosaboka frå Jon Fosse kom våren 2023, forteljinga Kvitleik, ein lysande roman om grensa mellom liv og død.

I 2023 har Fosse også eit jubileum som forfattar. Det er 40 år sidan han debuterte med romanen Raudt, svart.