Rester av et liv
(Kortfilm)
Manus og regi: A. G. Digranes
Produsent: TV Bergen
Vist på Kortfilmfestivalen, Grimstad 1991
Utan personar er dette eit drama om eit gammalt hus som står til nedfalls. Filmen byrjer ein vinters solskinnsdag ved ei revebjelle ovanfor huset og dveler sidan ved detaljer i og omkring huset: Viser restar av eit fattig liv, ein hestesko over døra, eit stusseleg kjøken, ein låve med knelande tak, tagging på lafta vegger, knuste vindauger ut mot lyset utanfor. Om natta medan det snøar tett kjem gravemaskin med knusekule og gripeklo og øydelegg brutalt det som ein gong var ein heim. Til slutt er det berre ruinhaugen att. Når dagen kjem, har snøen dekka alt. Berre revebjella står att ovanfor, frosen i snøen.
Spilltid: 8 minutter


